Runar Stensaker Kleppe (f.v.), Joar Flølo og Runar Kleppe i Gloppen brann og redning vil ha nye kollegaer. No inviterer dei til rekrutteringsdag på Byrkjelo 11. september.

Dei er på jakt etter nye kollegaer

– Det er trong for å rekruttere fleire brannkonstablar. Vi treng i alle fall to på Byrkjelo og ein på Sandane, seier brannsjef i Gloppen kommune, Runar Kleppe og blir støtta av Joar Flølo og Runar Stensaker Kleppe. 

Dei to sistnemnde er høvesvis brannmeister og brannkonstabel på Byrkjelo. For å informere potensielt framtidige brannkonstablar og vonleg få inn nye krefter, inviterer dei til rekrutteringsdag 11. september.

– Vi ønskjer å vise kva vi driv med, kva utstyr vi har og gje interesserte høve til å prøve litt av det vi gjer. Det kan vere klipping av bil, røykdykking og førstehjelp, seier Runar Stensaker Kleppe.

Nye oppgåver

Å vere brannkonstabel har endra seg mykje opp gjennom åra. Det inneber ikkje lenger berre å sløkke brannar – langt derifrå.

– Vi får stadig fleire arbeidsoppgåver, som bilberging, helse, oljevern, overflatesøk og politirelaterte oppgåver, seier Runar Kleppe.

Dei nye oppgåvene gjer det meir utfordrande å vere med i eit brannkorps, men også meir krevjande.

– Ein må tole litt, konstaterer Joar Flølo.

– Men vi er flinke på debriefing og å snakke om ting. Dessutan er vi saman om hendingane, vi er aldri åleine, supplerer Runar Stensaker Kleppe og legg til at samhaldet mellom dei brannverntilsette i kommunen er godt.

Brannkorpset i Gloppen tel til saman 40 personar, 20 på Sandane, 10 på Byrkjelo og 10 i Hyen. Nokre har etter kvart lang fartstid og ønskjer seg ut av korpset, så det er stadig trong for rekruttering.

– Vi vil særleg oppmode damer som kan tenkje seg å vere med til å kome på rekrutteringsdagen. Vi har ingen damer i korpset i dag, men vi har tenkt og snakka ei stund om at det burde vi ha, seier brannsjefen.

Krevjande, men interessant

Nokre krav blir stilte til dei som vil vere med.

– Vi tenkjer langsiktig og vil helst ha inn relativt unge personar som er etablerte i kommunen, gjerne med helsebakgrunn, seier Kleppe og legg til at nye konstablar får vere med som hjelpesmenn i starten.

– Dei bør bu i nærleiken av brannstasjonen. Personar som er vekke i arbeid, til dømes i Nordsjøen, kan vi ikkje bruke, fortel Joar Flølo.

Brannkonstablane er tilsette i deltidsstillingar i Gloppen kommune.

– Ein har ei årleg godtgjersle for å bere radio, i tillegg til timebetaling for øving og utrykking. Vi har veldig krevjande, men interessante oppgåver. Ingen er med for å tene pengar, men for å gjere ein samfunnsnyttig innsats, seier Runar Kleppe og legg til at nye konstablar må gjennomføre ei utdanning på totalt 200 timar i løpet av to år.

Trioen understrekar at det er meiningsfylt og kjekt å vere med i Gloppen brann og redning, og vonar mange fattar interesse for rekrutteringsdagen. For å ha ei viss oversikt over kor stort oppmøte dei kan vente seg, ønskjer dei påmelding på førehand.