-Dei rasråka områda er tryggare no enn før, sa seksjonssjef i NVE, Aart Verhage. Her i lag med ordførar Oddmund Klakegg.

-De kan sove trygt no

På folkemøtet om rassituasjonen i Jølster måndag kveld, var det naturleg nok spørsmål om det no er trygt å bu i dei evakuerte områda.



– I rasområda er det tryggare no enn før, var svaret frå seksjonssjef i NVE, Aart Verhage. Han kunne også fortelje at oppreinsking av elva i Årsetbakkane er i gang og at det snart vil bli sett inn tiltak i Slåtten.

Kan varsle, ikkje hjelpe
Seksjonssjefen sa vidare at NVE si oppgåve i forkant av vêret som var, er å varsle.
– Det er ikkje så mykje vi kan hjelpe til med elles,, sa Verhage til i underkant av 100 menneske som var møtte opp for å få informasjon frå kommuneleiing, politi, NVE og av den psykososiale delen av hjelpeapparatet. Seksjonssjefen meinte også at rasfaren i dei råka områda er mindre no når rasa har gått.

-Men det er ein del lausmassar i elvane som må fjernast, var meldinga frå  Verhage som meinte at dei som har vore evakuerte, men komne tilbake, kan sove trygt.

-Det er ein del hus i Jølster som ikkje står trygt, men ikkje fleire enn før.



Leitinga held fram

Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske var på plass for å informere om politiet sitt arbeid, først og fremst knytt til søket etter han som er sakna etter raset på sørsida.

-Det er og har vore eit utfordrande søk, men det vil halde fram med full styrke ei stund til. tysdag kjem det på plass meir utstyr for metallsøk og ein meir avansert miniubåt (ROV)

-Raset går 750 m ut i vatnet og er 200 m breit i enden. det seier noko om dimensjonane, sa lensmannen som rosa det frivillige leitearbeidet og som sa at det vil halde fram med overflatesøk og strandsøk, i tillegg til det som skal gå føre seg under vatnet.



Sterke historier

-Det har vore sterke inntrykk og sterke historier, sa Oddmund Klakegg som fortalde om ein utfordrande situasjon også for kommunen sin del.

Dagrun Thingnes er barnevernsleiar og presenterte den psykososiale støttegruppa i Jølster, ei gruppe som står til disposisjon for dei som treng det.

-Det er viktig å ha tilbodet, og det er viktig å ha eit slikt møte. Sameleis var det viktig å ha opa kyrkje søndag, sa Thingnes som ikkje hadde merka så veldig stor pågang på det psykososiale apparatet, så langt. Men ho kunne fortelje at helsestasjonen hadde hadde hatt litt pågang.



-Eg er disponibel 

Sokneprest Silje Sørebø var også på møtet, og på spørsmål om ho hadde hatt stor pågang etter rashendingane, så var svaret nei.

-Litt har det vore og nokre nytta seg også av høvet til å besøkje dei opne.kyrkjene. Men eg er no her om nokon har behov for å snakke med ein prest, sa Sørebø

Møtet vart avslutta med ei orientering av Inge Nordhaug frå regionsenter for vald og traumatisk stress. Bodskapen hans var å vere opne overfor barn om det som har skjedd.

-Barn toler godt å sjå at foreldra er redde så lenge dei ikkje prøver å skjule det, sa Nordhaug som også slo fast at behovet for nokon å snakke med, aukar etter at første veka etter ei slik hending er omme. Mareritt etter ein månad er også relativt vanleg,kunne eksperten fortelje. Han rosa elles den måten Jølster har takla situasjonen, med den dugnaden som har vore i samarbeid mellom kommunen og alle frivillige som har stilt opp.

-Slikt har innverknad på identitet og samhald, sa Nordhaug til slutt.

Sluttappellen frå ordføraren var følgjande:

-Kom til kommunen om det er noko de lurer på. Ingen spørsmål er for små.

Dagrun Thingnes var glad for at den psykososiale støttegruppa i kommunen har vore i beredskap heile tida, også i helga.
Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, fortalde om eit utfordrande søk etter den sakna.
-ikkje skjul noko for borna, var bodskapen frå Inge Nordhaug frå regionalt senter for vald og traumatisk stress