Bilete frå "Lovleg"-promoen. Foto: Rubicon TV/NRK.

Dato for "Lovleg"-première er bestemt

Premièredatoen for "Lovleg" er sett til søndag 19. august. 

Det er NRK P3 som melder dette på heimesidene sine. Store delar av serien er, og blir framleis, spelt inn på Firda vidaregåande skule og kring om på Sandane.

Til liks med forgjengaren "Skam", blir også "Lovleg" ein nettbasert ungdomsserie. NRK har vore svært varsame med å seie særleg om serien, noko statskanalen framleis er.

- «Lovleg»-promo og dato blei sleppt i det stille på https://lovleg.p3.no/ søndag. Vi har ikkje noko meir å dele om serien no, opplyser kommunikasjonsansvarleg Marianne Skøien til Firda Tidend.

Den korte promoen viser bål på ein flake, akkompagnert av bakgrunnslydar frå feststemt ungdom ein sommarkveld ved Gloppefjorden.