Darrin Bradbury. Pressefoto.

Darrin Bradbury spelar på Sandane

Fjæra Bluesklubb og Lauget kaffi & kultur inviterer til andre konsert under tittelen Akustisk Desember for dei som treng ein pust i bakken i førjulsstria. Her får vi møte Darrin Bradbury frå Nashville som er på sitt første besøk i Noreg.

Darrin skildrar seg sjølv som ein folk-satirikar. Når du høyrer på tekstane på det nye albumet hans “Talking Dogs & Atom Bombs”, forstår du kvifor han seier dette. Det som på overflata kan høyrest ut som enkle og morosame tekstar om tøys og fjas – har mange lag, og ved gjentatt lytting avdekkar du alltid noko nytt. For Darrin Bradbury er ein intelligent samfunnskommentator, med ein bitande penn og ein aldeles utsøkt sans for humor.

Han pakkar inn kommentarane og observasjonane sine i humor, og på den måten gjer han det heile lettare tilgjengeleg og alltid levert med varme, omtanke og kjærleik.