Samferdslesminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Dale vil løfte rassikringa

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vil ha innspel om rassikring tidlegare inn i arbeidet med neste nasjonale transportplan.


– Vi er opptatt av å løfte rassikringa, og vil invitere til ein politisk prosess for å sjå kva for problem vi står overfor, og korleis vi skal løyse dette, sa Dale under den nasjonale rassikringskonferansen i Bergen tysdag.


– Vi gjer no endringar i arbeidet med den neste nasjonale transportplanen. Det inneber politisk medverknad tidlegare i arbeidsprosessen og høve til å spele inn prioriteringar knytt til rassikring, sa samferdselsministeren.


Nasjonal rassikringsgruppe ønskjer seg ein nasjonal skredsikringsplan, som skal gjennomførast over tolv år. Planen, som dei reknar med vil koste 51 milliardar kroner, håper dei kan få plass i Nasjonal transportplan for 2022–2033.


Dale utfordra dei ni fylka bak rassikringsgruppa om å vere tydelege i prioriteringane av rassikringsprosjekt.


– Når vi får kjeft om at det blir brukt for mykje pengar der det bur lite folk, må vi forklare kor viktig rassikringa er for transportkorridorane. Til dømes må norsk laks kunne transporterast i tide ut til marknadene utan forseinkingar, sa Dale, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.


Leiaren i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, er glad for at samferdselsministeren no vil løfte rassikringa i arbeidet med den neste transportplanen.


– Vi meiner det no må vere rassikringa sin tur. Konferansen i dag viser at vi no får med fleire i kravet vårt om ein ny plan. Både Lastebileigarforbundet og Sjømatbedriftene støttar oss. Dette gir grunn til optimisme, seier Kjelsnes.


Om lag hundre deltakarar frå heile landet var til stades på rassikringskonferansen i Bergen. Arrangør var Nasjonal rassikringsgruppe og Hordaland fylkeskommune. (©NPK)