Heim   >   Nyhende   >   Dale foreslår at rullestolar skal få køyre i 15 kilometer i timen

I dag kan ikkje rullestolar køyre i meir enn ti kilometer i timen. No foreslår Frps Jon Georg Dale å auke toppfarten med 50 prosent. Arkivfoto: Thomas Winje Øijord/NTB scanpix /NPK.

Dale foreslår at rullestolar skal få køyre i 15 kilometer i timen

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) har bedt Vegdirektoratet foreslå endringar i regelverket slik at rullestolbrukarar kan få køyre i 15 kilometer i timen.

I dag er maksfarten for rullestolar 10 kilometer i timen.

– Ein slik fartsauke er ønskt av brukarane, samtidig må vi sørge for at det ikkje går utover trafikktryggleiken for andre trafikantar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Med betre rullestolar, blir rullestolar òg nytta andre stader i trafikken enn berre på fortau. Derfor ønsker regjeringa no å legge til rette for ein auke til 15 km/t.

Ein slik fartsauke krev endringar i regelverket, mellom anna i trafikkreglane.

Vegdirektoratet skal no utarbeide forslag til endringar og sende forslaga ut på høyring, går det fram i eit brev frå samferdselsministeren til Vegdirektoratet. (©NPK)