Dag Fosstvedt og fungerande ordførar Magni Aa Berge, som delte ut medaljen.

Dag Fosstvedt fekk kongen sin medalje

Den 90 år gamle eldsjela i samfunnslivet i Gloppen, Dag Fosstvedt, fekk kongen sin fortenestemedalje under NM på Byrkjelo laurdag.

- Han har vore svært aktiv i ungdomsmiljøet i kommunen, kanskje mest engasjert innan friidrettsmiljøet. Som utøvar, trenar og som frivillig, både i Fjellhug/Vereide og i Gloppen Friidrettslag. Men dette er også ein av mange frivillige bak Gloppen jentekor, eit kor som nådde høgt opp på nasjonalt nivå, sa fungerande ordførar Magni Aa Berge då ho delte ut medaljen.

Aa Berge framheva mellom anna dei verdiane Fosstvedt legg til grunn i arbeidet sitt.

- Han er tolerant, oppteken av situasjonen for dei som har utfordringar og ser stor verdi i førebyggjande arbeid. Han er eit fyrtårn når det gjeld frivillig arbeid, sa ho før medaljen vart delt ut.

- Det er vanskeleg å gjere seg fortent til dette, men eg har prøvd i alle fall, smilte Fosstvedt rett etter overrekkinga.