Heim   >   Nyhende   >   Cruiseturismen får eigen konferanse

Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Cruiseturismen får eigen konferanse

Vestlandsrådet skal arrangere ein nasjonal konferanse om cruiseturisme for første gong i Noreg.

Med konferansen ønskjer Vestlandsrådet å setje lys på utfordringar knytte til cruiseturismen, mellom anna cruisestrategi, cruisetrafikk, framtidige energiformer og ny hamne- og farvatnslov, står det i ei pressemelding.

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Rådet skal ha eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet.

Konferansen er eit ledd i oppfølginga av «Cruisestrategi for Vestlandsregionen» som Vestlandsrådet vedtok i 2018. På konferansen blir det deltakarar frå heile landet, både private aktørar, kommunar, fylke og offentlege etatar. Konferansen skal vere 29. oktober på Grand Hotel Terminus i Bergen. (©NPK)