Illustrasjonsfoto.

Countryfestival skaper millionverdiar

Takka vera utrøytteleg dugnadsarbeid med å arrangere Norsk Countrytreff i Breim i Sogn og Fjordane år etter år, kan bygda gle seg over millionverdiar.


– Countryfestivalen i Breim er eitt av fleire eksempel på korleis store dugnadsarrangement kan skape store verdiar i ein region, seier styreleiar og artistansvarleg for Norsk countrytreff, Nils R. Sandal, til Nationen.


Den tidlegare fylkesordføraren og ordføraren var sjølv med å grunnleggje countryfestivalen for 25 år sidan. Sidan den gongen meiner han festivalen har tilført rundt 13 millionar kroner til lag og organisasjonar i bygda.


– Utan desse pengane hadde vi aldri kunna byggje kunstgrasbane på Reed eller drifta skitrekk på Utvikfjellet, seier han.


Sidan starten har countrytreffet i Breim trekt til seg stadig fleire publikummarar. Med rundt 17.000 besøkjande kvart år er festivalen no ifølgje Nationen eitt av dei største kulturarrangementa i sin sjanger på både på Vestlandet og i Noreg. I tillegg til å skape store økonomiske verdiar, blir det peikt på at det store dugnadsarbeidet med å arrangere festivalen også gjev mange andre positive ringverknader som trivsel, bulyst og fellesskap. (©NPK)