Breim si eiga Sigrid Moldestad er mellom artistane på konserten «Farewell Sogn og Fjordane» i kultursalen i Trivselshagen 11. juli. Arkivfoto.

Countryen seier farvel til Sogn og Fjordane

2019 er det siste året Norsk Countrytreff vert arrangert i Sogn og Fjordane fylke. Dette blir markert med ein eigen konsert med nokre av dei mest kjende og kjære artistane Trivselsfylket har å by på.

Det er eit stjernelag av artistar som entrar scena i kultursalen i Trivselshagen på Sandane torsdag 11. juli for å markere overgangen til Vestland, skriv arrangøren i ei pressemelding.

Personlege tolkingar

– Vi i Norsk Countrytreff er glade i – og stolte av – Sogn og Fjordane. Det at ein i dette vesle fylket har fått til store festivalar, som Malakoff, Førdefestivalen og Norsk Countrytreff, er inga sjølvfølge. Det handlar om identitet, det handlar om å vere sta, det handlar om å ta sjansar, det handlar om å stå saman og å dra lasset i lag, melder Norsk Countrytreff og held fram:

– Norsk Countrytreff, i samarbeid med vår eiga kjære Sigrid Moldestad, samlar nokre av dei finaste artistane fylket har å by på, for å ta eit musikalsk farvel med Sogn og Fjordane som eige fylke. Tone Damlie, Olav Stedje, Vilde & Anna, Eivind Vilnes, Finn Tokvam og sjølvsagt ho Sigrid sjølv, skal gje sine personlege tolkingar av kven vi er – og kven vi har vore. Og det skal dei gjere med stor hjelp av countrymusikken!

– Hending for minnebøkene

– Husbandet skal leiast trygt og musikalsk av Inge Ronny Kvåle. Med utgangspunkt i eigne musikalske favorittar, historiske tilbakeblikk og personlege forteljingar, vil dette garantert bli ei hending for minnebøkene.

Arrangøren lovar både vemod, mykje lått, mimring, framtidsvyar og personlege betraktningar – alt med countrymusikken som bakteppe.

Programleiarar for konserten blir radarparet Finn Tokvam og Sigrid Moldestad. Saman, og kvar for seg, har dei to leia mang ein musikalsk stjernekveld, og alt ligg til rette for at også 11. juli i Trivselshagen blir ein festleg og minnerik kveld.

 

Breim si eiga Sigrid Moldestad er mellom artistane på konserten «Farewell Sogn og Fjordane» i kultursalen i Trivselshagen 11. juli. Arkivfoto.