Coopen spytta inn 500 000





- Det var full semje i styret om at dette skulle vi støtte, fortel styrar ved Coop Jølster, Øystein Årdal.







Tysdag kveld, på eit møte for næringslivet om støtte til storhallen på Skei, kunngjorde han at verksemda han leiar, går inn i hallprosjektet med ein halv million kroner.





Skal først og fremst drive butikk





- Vår oppgåve er i utgangspunktet først og fremst å drive butikk og utvikle bedrifta vår, men vi ser at denne hallen vil vere viktig for bygda, fortel Årdal som også minner om at butikken han leiar er medlemseigd og at styret må handle der etter, når vi spør om det var diskusjon om storleiken på gåvesummen.





-Mellom våre medlemmer så er det delte meiningar om dette, det veit vi. Somme ville gje meir, somme mindre.






Positive reaksjonar





- Kva slags reaksjonar har du fått frå kundane?





- Dei har utan unnatak vore positive og eg har inntrykk av at dei meiner beløpet er passeleg, svarar Årdal då vi snakka med han onsdag. Han både trur og håpar at denne gåva vil skape litt goodwill i lokalsamfunnet.





- Så håpar eg sjølvsagt at det vil slå tilbake på oss også, i form av auka handel, avsluttar Årdal.





Nærmar seg





På folkemøtet om hallen for ei og ei halv veke sidan, kom det fram at dei mangla 2.8 millionar på å nå målet for gåveinnsamlinga.





-No nærmar vi oss 2 millionar, fortel medlem av prosjektgruppa, Nils Einar Kjøsnes, onsdag kveld. Han har fått mange og positive reaksjonar på den rause gåva til Coop Jølster, og han og andre i prosjektgruppa har tidlegare sagt at dei oppfordrar bygdefolket om å støtte bedriftene som har gitt gåver til hallen.