Pressefoto.

Coop Nordvest held oppe støtta til idrett og kultur

Coop Nordvest har bestemt seg for å oppfylle alle inngådde sponsoravtalar, trass i at aktiviteten i mange lag og organisasjonar ligg nede, og at ulike arrangement, stemne og festivalar må avlysast, skriv selskapet i ei pressemelding. 

Kultur og idrett er lim og kitt i små og store lokalsamfunn, somme lever av det og mange lever for det. Lag og organisasjonar er komne i ei knipe, og det er no i desse krisetider vi må stå saman og hjelpe kvarandre, sjølv om det ikkje er råd å oppfylle avtalar slik det var tenkt, slår leiinga i Coop Nordvest fast.

- I Coop Nordvest tek vi samfunnsansvaret vårt på alvor. Det er no kulturlivet og idretten treng partnarar dei kan stole på. Dei skaper gode lokalsamfunn i bygd og by, og det er noko vi som driv butikk både vil vere med på, og som vi alle vil nyte godt av når kvardagen etter kvart kjem tilbake til det normale.  Slik kan vi støtte kvarandre gjennom vanskelege tider, spele på det same laget, heiter det i pressemeldinga.

Coop Nordvest sponsar kring 300 idrettslag og foreiningar, små og store arrangement og festivalar.

- Vi brukar fleire millionar kroner til gode føremål i lokalmiljøa. Det skal vi gjere i år også. Vi skal stå fast på og halde dei avtalane vi har inngått, sjølv om det er usikkert kor mykje aktivitet det vil bli i månadane som kjem.

- Ved å innfri det vi har lova, håpar vi å vere med å skape tryggleik for alle dei fantastiske folka som legg ned eit enormt arbeid innan kultur og idrett . Vi håpar og trur at dei vil kome endå sterkare tilbake når ein atter kan sleppe laus alle gode krefter på scener, festivalområde, grendehus, på idrettsbana, i korps og i alle dei lag og organisasjonar som gjev folk viktig krydder i kvardagen, skriv Coop Nordvest.