Cirkus Arnardo feirer 70 år

Cirkus Arnardo med nytt show

Sidan 1949 har 9 millionar nordmenn vore samla i manesjen på 12.000 førestillingar. Fredag kveld er Cirkus Arnardo klare til å markere 70-årsjubileum på Utstillingsplassen på Sandane.

– No trippar vi etter å kome i gang. Artistar og crew er klare til å setje av garde til byar og grender, over hav og land. Jubileumsframsyninga som no skal framførast er tenkt å vere ein hyllest til vårt trufaste publikum gjennom alle år, seier turnèleiar Are Arnardo i ei pressemelding.

Lang tradisjon

Det moderne cirkuset vart fødd i England for om lag 250 år sidan. Underhaldninga er tufta på rike tradisjonar, i ei moderne form som fengjer.

Årets show byr på sykkelakrobatikk med BMX-flips og Trial-tricks, ponniar og lama og musikalske klovnar. Ein får sjå temposjonglør frå Chile, svenske David Hammarberg med «flyakrobatikk», samt hula-hoop frå Italia, og mykje meir.

– Dette er nok noko nordmenn ikkje har sett tidlegare. Faktisk har eg ikkje opplevd maken sjølv heller, seier Arnardo i pressemeldinga.