Heim   >   Fylket   >   Carlene Carter kjem til Breim

Carlene Carter. Pressefoto.

Carlene Carter kjem til Breim

Carlene Carter frå USA kjem til Norsk Countrytreff i Breim neste sommar. Det skriv arrangøren i ei pressemelding. 

Carlene Carter er nummer tre i rekkja av sterke kvinnelege artistar på countrytreffet, der Tanya Tucker og Emmylou Harris i 2018 og 2019 gjorde flotte konsertar påvitjingane sine i Breim.

Carter er dotter av June Carter og Carl Smith, og stedotter av ingen ringare enn Johnny Cash. På 90-talet gjorde ho braksuksess med låta «Every little thing» her i landet, men karrieren starta allereie tilbake i 1978.

Carlene Carter skal opptre på Hesjestauren og på kyrkjekonserten i Breim kyrkje laurdagen under Norsk Countrytreff 2020.

Arrangørane har også sleppt fleire andre artistar til neste års festival.

Mellom desse er Vassendgutane (NO), Mighty Magnolias (NO), The Kody Norris Show (US), Gunslingers (NO) og Pat Reedy & The Long Time Goners (US).