Elevane fekk seg ein båttur på Jølstravatnet med Nils Einar Kjøsnes. Foto: Skei skule.

Bytte ut nista med jølstraaure

Fisk, vatn, leik og moro var på timeplanen under den årlege aktivitetsdagen «Alt er vatn», som vart arrangert på Ålhus torsdag. Alle elevane på 4. trinn i Jølster kommune var samla på Eikaasgalleriet for å lære meir om vatnet, fisken og den gode maten.



Jølstraauren har gjennom åra opparbeidd seg eit svært godt rykte. Folk kjem frå det store utland for å prøve fiskelukka i det som blir omtala som det beste aurefiskevatnet i Europa, og dei siste åra har eit stort tal fiskarar klumpa seg saman rundt vatnet ei helg i juni i håp om å vinne ein splitter ny bil. Men korleis er det eigentleg med fiskeinteressa til jølstringane sjølve? Jølster kulturforum gjorde i alle fall sitt for å få ungar i kommunen til å lære meir om fisken som sym rundt i vatnet mellom dei to skulane.

Spesielt for Jølster

Elin Villung er leiar i Jølster kulturforum og lærar ved Skei skule. Ho seier at forumet skal tilretteleggje for kulturopplevingar for barn og unge i kommunen.

– Kva er det som er spesielt her i kommunen?

– Det er sjølvsagt mykje, men vatnet er ein viktig del av det å kome frå Jølster. Difor har vi ei målsetjing om at ungane våre skal lære seg korleis dei kan finne glede i å nyttegjere seg av dei ressursane vatnet faktisk har å tilby, seier Villung.

– Har de andre målsetjingar?

– Absolutt. Ein vel så viktig grunn for å arrangere denne dagen er å få ungane til å knyte band og bli betre kjende på tvers av skulane. Det er langt mellom Vassenden og Skei, og då er det ekstra viktig at det blir tilrettelagt for samlingar som er med på å auke kontakten og styrke samkjensla. Vi har også liknande dagar for elevar på mellomsteget og ungdomsskulen, slik at det vert arrangert totalt tre kulturarrangement for jølstringane gjennom grunnskulen. Arrangementet på mellomtrinnet et knytt til kunst, og det på ungdomsskulen til breen.

– Korleis ser de på framtida? Vil de vidareutvikle prosjektet?

– Vi er veldig usikre på korleis det blir når vi blir del av nye Vestland fylke. Kulturforumet får pengane sine frå dagens fylkeskommune, så det er vanskeleg å vite korleis det nye fylket vil prioritere pengane. Vi har i alle fall ikkje høyrt noko enno. Får vi stønad, har vi absolutt lyst å arrangere fleire og betre arrangement, men det er veldig økonomiavhengig, seier kulturforum-leiaren.



Ulike aktivitetar

Fisking, sløying, fiskegrilling, natursti, omvising og lesestund. Elevane fekk eit breitt tilbod med aktivitetar på Ålhus denne dagen.

Sju ivrige elevar frå Skei skule var med og drog garn på morgonen før skulen byrja. Dei fekk over 50 fiskar, og i tillegg fekk elevane fiskar på stang medan dei var på aktivitetsdagen, så det vart mykje å gjere for dei som skulle sløye.

– Det var lagt opp slik at elvane skulle få sløye sin eigen fisk, for så å krydre og grille den slik dei ville. Eg trur det gjorde at fleire torde å smake på maten, og det var til og med to elevar som åt fiskeauge! Det var også ein annan som eigentleg ikkje likte fisk, men etter å ha ete denne fisken, ombestemte han seg. Det var veldig kjekt å sjå kor godt elevane likte maten. Elevane som ville fekk også med seg kvar sin fisk heim.

Det fortel Anita Kongsvik, som er kontaktlærar for 4. trinn på Vassenden skule. Ho seier at dagen var ein kjempesuksess, og er  ikkje i tvil om at elevane lærer mykje nytt av ein slik annleis skuledag. Ho rosar Jølster kulturforum for gjennomføringa.

– Vi frå skulen trengde eigentlig ikkje å førebu noko. Vi kom til eit ferdig planlagd opplegg. Det er frivillige som har stilt opp og gjort dette mogleg. Blant anna to frå Jølster jeger- og fiskeforeining, seier Kongsvik.



Også innandørs

Det var ikkje berre ute det var aktivitet denne dagen. Vêrgudane var ikkje heilt på jølstringane si side, med regn og temperaturar godt under ti grader. Difor passa det ekstra godt at det også var laga til eit opplegg innandørs for elevane. Inne i Eikaasgalleriet fekk elevane omvising og dei blei fortalt historier om fleire av bileta som hadde med vatnet å gjere. Det var også ei lesestund med høgtlesing og moglegheit for ungane å lese nynorske barnebøker på eiga hand.

– Det var 32 elevar frå Vassenden og 12 frå Skei. Vi blanda elevane slik at dei kom på grupper på tvers av skulane, fortel Kongsvik.

– Kva trur du om læringsutbyttet av ein slik dag?

– Eg er overtydd om at ungane lærte veldig mykje nytt. Mange har så vidt fiska før, så når dei lærer seg det grunnleggande kring fisking har dei plutseleg eit mykje betre grunnlag for å lære meir og å få nye interesser. Også det at dagen er så annleis frå vanlege skuledagar, er med på å gjere det kjekt og motiverande, påpeikar læraren.

– Er dette noko de vil satse vidare på?

– Ja absolutt! Dette er blitt ein årleg suksess for ungane og vi får nesten berre positive tilbakemeldingar. Vi skulle gjerne arrangert fleire slike dagar, men det kostar dessverre for mykje til at skulen kan finansiere det.

Nytt for året var at det blei arrangert på Eikaasgalleriet på Ålhus. Tidlegare år har skulane samlast på Svidalsneset, men etter herjingane 30. juli var det ikkje mogleg å ha aktivitetsdagen der.

 

Erling Skrede og Nils-Einar Kjøsnes illustrerer for elevane korleis ein skal knyte snøret fast i ein fiskekrok med hyssing og kleshengar som døme. Foto: Skei skule.
Fokuserte elevar som lærer seg korleis dei sløyer ein aure. Foto: Jan Ivar Lofnes, Vassenden skule.