Heim   >   Nyhende   >   Byter ut is med sjokolade

Salet av is har opplever ein nedgang samanlikna med same periode i fjor. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Byter ut is med sjokolade

Temperaturane denne sommaren har mest truleg ført til ein nedgang i issalet, men salet av sjokolade har derimot auka betrakteleg.

Norgesgruppen reknar at iskremsalet har gått ned med om lag 6 prosent samanlikna med same periode i fjor, skriv Nationen.

Sola svikta

– Det er mangel på sol dei siste vekene som må få skulda for det sviktande salet, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Samstundes kan Søyland fortelje at sjokoladesalet har hatt ein volumvekst på 7 prosent, og dei siste åtte vekene har salet vekse med 20 prosent samanlikna med i fjor.

– Nordmenn kan det å kose seg uansett vêr, seier ho.