Iver Kleive og Knut Reiersrud frå Oslo Bach-kor blir å sjå og høyre i Vereide kyrkje i pinsa.

Byr på Bach og blues i kyrkja

Iver Kleive og Knut Reiersrud frå Oslo Bach-kor inviterer til «Bach, Blues og Orgelbrus» i Vereide kyrkje 9. juni. Saman med koret held dei konsertar i Kalvåg og Gloppen.

– Konsertane byggjer på dei lydbileta Knut og eg har skapt saman alle desse åra. No får vi eit stort kor på toppen. Vi har henta fram ei rekkje høgdepunkt frå musikkhistoria og sett dei saman til ein heilskap, skriv Iver Kleive i Kyrkjebladet for Gloppen.

Variert konsert

Iver Kleive er pianist, organist, dirigent og komponist. Han etablerte Oslo Bach-kor for over 30 år sidan, og har samarbeidd med Knut Reiersrud om lag like lenge. For første gong opptrer dei tre saman.

På programmet står musikk av Bach, Mozart og Sibelius, samt nokre av Kleive sine eigne komposisjonar. Dei har henta perler frå oratorium og messer, frå salmar og folketonar og noko nyare musikk. Repertoaret er sett saman etter Kleive si magekjensle, og tanken er at ulikskapen mellom stykka skal kle kvarandre, samstundes som det skal styrkje kvart enkelt.

To konsertar

Pinsehelga held dei konsert både i Frøya kyrkje i Kalvåg, og i Vereide kyrkje. Kalvåg blei eit naturleg stopp, sidan Kleive sjølv kjem frå Bremanger. Den andre konserten vart lagd til Gloppen fordi to av kor-medlemene kjem frå Sandane og har Vereide til etternamn.

Under konsertane vil film og bilete komplementere musikken. Bileta ein får sjå er tekne av naturfotograf Ronny Solheim frå Sandane.

– Vi har eit vakkert land, og Vestlandet er kanskje den aller vakraste landsdelen, konstaterer Iver Kleive.