Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Byr inn til ferjedåp og folkefest

Byr inn til ferjedåp og folkefest

Fjord1 byr inn til ferjedåp og folkefest på Kattahamrane på Sandane i morgon.

Tysdag 13.mars blir Fjord1 sine heileelektriske ferjer, MF Gloppefjord og MF Eidsfjord døypte. Ferjene trafikkerer verdas første heilelektriske samband, Lote-Anda. For Fjord1 har bygginga av desse to ferjene vore eit prestisjeprosjekt som selskapet er svært stolt over å ha lukkast med.

Ein merkedag
– Dette er ein merkedag i Fjord1. MF Gloppefjord og MF Eidsfjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere leiande i dette miljøskiftet, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Fjord1 ønskjer difor at denne ferjedåpen skal bli ein folkefest for innbyggjarane i lokalområdet, og oppmodar publikum til å møte opp på Kattahamrane ved Felleskjøpet på Sandane.

Ferjedåpen startar klokka 10.30, og det vert servert sveler, dåpskake og kaffi. Det vert også mogleg å gå om bord i MF Eidsfjord.