Inntaket til Hestenes kraftverk ligg på kote 307. Herfrå skal vatnet gå i 600 mm duktile stålrøyr ned til kraftstasjonen.

Byggjer Hestenes kraftverk

Det er stor aktivitet i marka ved Storelva ovanfor Hestenesøyra i Gloppen for tida. Etter at Hestenes kraftverk har vore under planlegging, konsesjonshandsaming og venting på linjekapasitet sidan 2007, er graving, røyrlegging og byggjearbeid no kome godt i gong.

– Etter at vi søkte konsesjon i februar 2008, tok det av ulike grunnar meir enn fire år før konsesjonen var klar sommaren 2012. Etter det har vi venta på linjekapasitet for å få straumen frå kraftverket på nettet, men no er vi endeleg komne godt i gong med legging av røyrgate og bygging av inntak og stasjon, forklarar styreleiaren i Hestenes Kraft AS, Matias Hestenes.

Godt prosjekt
Hestenes peikar på at kraftverket var rekna som eit godt prosjekt då det vart konsesjonssøkt for åtte år sidan. Men etter den tid har byggjekostnadane bortimot dobla seg medan kraftprisen har gått kraftig andre vegen og er nær halvert.

– I konsesjonssøknaden var det rekna med ei investering på tolv mill. kroner, noko som utgjorde ein utbyggingskostnad per kilowattime årleg produksjon på kr 1,90. No vil truleg kraftverket koste minst 20 millionar, noko som utgjer godt over tre kroner per kWh. Dermed vil lønsemda i utbygginga bli vesentleg lågare. Men med el-sertifikat vil det likevel vere lønsamt, og vi ser på dette som ei langsiktig investering, seier styreleiaren.

Ni eigarar
Det er ni fallrettseigarar i Storelva, og dei er med som aksjeeigarar i selskapet med frå 2–30% kvar. Ingeniør Hermod Seim er byggteknisk konsulent for prosjektet. Olav Hjelmeset AS har alt grunn- og gravearbeid og røyrlegging. Dvergsdal og Sunde AS har alt betong- og byggjearbeid. Maskinleverandør er as Fadum tekniske.

– Storelva på Hestenesøyra får tilsiget frå Hestedalen og fjellområdet mellom Hyefjorden og Gloppefjorden. Elva renn i nordleg retning og har utløp i Nordfjorden ved Hestenesøyra. Nedbørsfeltet er på 7,1 km2 og middelvassføringa 0,55 m3/s. I Hestedalen ligg ein støl, og det går skogsveg og ei større kraftlinje (66 kV) gjennom dalen. På den nedre delen renn elva i eit trongt og bratt gjel, og ved utløpet er området prega av busetnad, jordbruk, vegar og kraftlinjer. Klimaet er maritimt og årsnedbøren er i middel 2 600mm. Tiltaket vil ikkje medføre endringar for inngrepsfrie områder (INON), kan vi mellom anna lese i konsesjonssøknaden.

292m fallhøgd
Frå inntaket på kote 307 vert driftsvatnet ført ned til kraftstasjonen i eit 1 830 meter langt tilløpsrøyr av duktilt støypejern. Røyret har diameter 600mm og vert nedgrave i grøft på heile strekninga og overfylt med lausmassar slik at det ikkje vil vere synleg. Røyrgata går for ein stor del langs eksisterande stølsveg.

Kraftstasjonen vert fundamentert på lausmassar nær inntil elva på kote 15, og avløpet vert ført tilbake til elva gjennom ein kort kanal. Det er planlagt installert ein Peltonturbin med 1,8 MW effekt med maksimum slukeevne 0,78 m3/s og ein lågspentgenerator med effekt 2 MVA. Det blir vidare installert ein hovudtransformator med effekt 2 MVA og med omsetning frå generatorspenning til 23 kV. Hovudtransformatoren vert plassert inntil kraftstasjonen som ein integrert del. Kraftstasjonen får eit areal på ca. 60 m2 og enkel utforming med mønetak, og utsjånaden vert tilpassa lokal byggeskikk med torvtak og utvendige veggar av trepanel. For å unngå sjenerande støy frå kraftstasjonen, blir det gjort spesielle tiltak som dykking av avløpskanalen.

Styreleiar i Hestenes Kraft As, Matias Hestenes, er glad for at bygginga av Hestenes kraftverk på Hestenesøyra er komen godt i gong etter mange års venting. Det er Dvergsdal og Sunde As som byggjer kraftstasjonen ved Storelva om lag 120 meter ovanfor Fv 615.