Bustadtomter





Rådmannen i Gloppen meiner det er trong for minimum 300 nye
bueiningar i kommunen fram mot 2025. Langt på veg er dette behovet allereie
dekka gjennom areal som er sett av i planverket.





Det er svært bra. I tillegg til arbeidsplassar, er attraktive
og godt tilrettelagde bustadområde ein nøkkelfaktor i kampen om nye
innbyggjarar og noko kommunen må ha sterkt fokus på. Det opplever vi at han
har.





Som på mange andre område i livet, blir vi også meir kresne
med omsyn til kvar vi buset oss. Krava vi stiller blir stadig høgare. Difor er
det svært viktig at ein i planlegginga av nye bustadareal plasserer desse i
område som er godt eigna og som blir oppfatta som attraktive. Rundt
Gloppefjorden, på Reed og Byrkjelo er situasjonen stort sett tilfredstillande
med areal som er opparbeidde, under opparbeiding, regulerte eller planlagt regulerte
til føremålet med prosessar som er i gang.





I Hyen er situasjonen meir utfordrande, først og fremst på
grunn av mangelen på høveleg areal. Tre areal er vurderte, Åsen, Holme og
Straumsholmen. Dei to førstnemnde er av ulike grunnar avskrivne, medan ein på
Straumsholmen ser føre seg å frigjere to til fire tomter ved å redusere
grunnarealet til Hyen skule. Skal Hyen-samfunnet utvikle seg slik ein ønskjer,
og Brødrene Aa få stetta behova sine for arbeidskraft i framtida, er talet
ledige tomter sentralt i bygda for lågt. Ein må halde fram arbeidet med å finne
ei løysing på denne utfordringa. Vi veit at kommuneadministrasjonen har leita
med lys og lykte etter høveleg bustadområde. Dette arbeidet er langt frå
enkelt, men vi vonar det lar seg gjere å finne tomter som kan bidra til bustadbygging
og tilflytting. Alternativet kan fort bli ei negativ utvikling for
lokalsamfunnet.





I Jølster er situasjonen i ferd med å betre seg. Kommunen
lei i fleire år under mangelen på byggjeklare tomter, særleg i
Vassenden-området. No er det kommunale bustadfeltet i Smiehogen under
planlegging. Ein håpar å kome i gang med utbygging av infrastrukturen der i
løpet av året. Feltet ligg solvendt og fint til og bør bli svært attraktivt med
omsyn til den korte avstanden til Førde.





På Skei er det nye bustadfeltet på Kjøsnes under utbygging.
Tomtene ligg flott til med utsikt utover Jølstravatnet. Dei bør såleis vere interessante
for mange.





I det store og heile er både Gloppen og Jølster i god rute
for å leggje til rette for framtidig bustadbygging. Tal innbyggjarar kjem til å
bli viktigare og viktigare for at ein skal greie å sikre ei god utvikling av
tenestene i kommunane. At dei no har sterkt fokus på tomtesituasjonen, er svært
gledeleg.