Bustadhus brann ned natt til skjærtorsdag

Eit bustadhus brann ned til grunnen på Hestenesøyra natt til torsdag. 

Alarmen gjekk kl. 01:32 og 20 minutt seinare var mannskap frå Gloppen brann og redning på plass.

- Då stod flammane gjennom vindauge, kledning og tak. Vi prøvde ein offensiv innvendig, men blei stogga av temperaturen og kom ikkje til, fortel brannbefal Kjell Aske.



Ei stund var det uvisst om det var ein person i huset som ikkje hadde kome seg ut.

- Vi handla ut frå at det var ein person som ikkje var gjort greie for. Då det blei klart at vedkomande ikkje var i huset, gjekk innsatsen vår frå berging av person til rein slokking, seier Aske som fortel at huset er heilt nedbrent.



Mannskap frå Sandane, Hyen og Breim rykte ut, i morgontimane er nokre av dei att og kontrollerer restane av flammar i ruinane.



Mannen som budde i huset er fysisk uskada.

Det er ikkje klart kva som var årsaka til brannen.

Berre ruinane står att torsdag morgon.
Det blei raskt klart at huset ikkje var mogleg å berge. Alle foto: Gloppen brann og redning.
Foto: Politiet.