Nordfjordbunaden slik han ser ut i dag.

Bunadsdag på museet

Mai er gjerne sjølve høgtidsmånaden for bunaden, og søndag kan du sjå og lære meir om nokre av tradisjonshandverka som ligg bak.

– Bunad er eit tema som aldri går av moten. Samstundes er det færre som sjølve strikkar bunadssokkar, broderer skjorter eller vev band. Vi håpar at når publikum ser korleis dette blir gjort, kan det inspirere ein eller to til sjølve å ta nåla eller garnet fatt, seier Anne Kristin Moe, avdelingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum.

Særnorsk tradisjon

Som tidlegare leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt, er ho ein av landet sine fremste ekspertar på bunad, og har skrive fleire bøker og fagartiklar om bunadar og folkedrakter. Ho vil halde innlegg om nordfjordbunaden i eit nasjonalt perspektiv og korleis bunadssynet har endra seg dei siste 100 åra.

– Bunad er ein type drakt ein starta å bruke kring 1900, som eit motkulturelt symbol. Då var det ikkje så viktig om den kom frå Hallingdal eller Hardanger, så lenge det var noko anna enn «bymoten». Det var heller ikkje så viktig at det såg likt ut som i gamle dagar. I mellomkrigstida endra dette seg, og ein byrja å revidere bunadane. Ulike bunader har ulik bakgrunn, men dei lever side om side i noko som er ein særnorsk tradisjon, seier Moe.

Levande handverkstradisjon

Med seg denne dagen har ho også tre flittige og flinke damer som vil syne sine bunadshandverk. Målfrid Nedrebø tek med seg bunadsband og vil også kome med tips om lure måtar å veve band på. Anne Lise Sande broderer bunadsskjorter og syner korleis dette blir gjort. Eli Berge Ravnestad vev både band og strikkar bunadssokkar og vil dele av sin kunnskap.

– Det er utruleg viktig å halde desse tradisjonane i hevd, men då må folk få oppleve det og få tips og råd om korleis ein skal gå fram og kanskje vite kven ein kan spørje om råd dersom ein står fast. Vi håpar mange interesserte vil møte fram og la seg inspirere og imponere over handverket som blir gjort, seier Moe.