Home   >   Nyhende   >   Brusprodusent kjempar mot sukkeravgifta

Oskar Sylte i Oskar Sylte Mineralvannfabrikk AS protestert mot sukkeravgifta utanfor statsministerens kontor før budsjettkonferansen 29. august. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Brusprodusent kjempar mot sukkeravgifta

Noreg sin meste kjende pærebrus kjempar for livet i møte med sukkeravgifta.

– Vi er skoren heilt inn til beinet. Til neste år har vi halde på i 90 år, og vi hadde ikkje tenkt å gi oss heilt enno, seier dagleg leiar og eigar Oskar Sylte i Oskar Sylte Mineralvannsfabrikk til E24.

Molde-bedrifta har hatt nokre tøffe år etter at Ringnes blei kjøpt ut av selskapet, og tok med seg om lag 80 prosent av inntektene. Bestevenn-taktikken til Rema har også slått uheldig ut for brusprodusenten.

No er det sukkeravgifta, som blei innført i januar, som plagar Sylte. Prisen på sirup og konsentrat auka med 40 prosent.

– Vi har eigentleg eit samarbeid med helsestyresmaktene, og så får ein ein kniv i ryggen, seier han til næringslivsavisa.

Sylte seier dei produserer sukkerfrie variantar av all brusen, men at produkta er for små til å kjempe om hylleplass i norske butikkar. No håpar han statsbudsjettet for 2019 som blir lagt fram i oktober, skal reversere sukkeravgifta. (©NPK)