Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Brooklyn-band kjem til Sandane

Brooklyn-band kjem til Sandane

Rotekte amerikansk musikk eller Americana om ein vil, er det The National Reserve frå Brooklyn, New York byr på når dei stoppar på Sandane som del av sin aller første Skandinaviaturné. Laurdag 2. mars vert dei å høyre på Gloppen Hotell.

Bandet blir leia av vokalist og gitarist Sean Walsh, ein vokalist og låtskrivar som gir bandet særpreg og vitnar om at bandet har store kvalitetar. Musikalsk er dette eit band som blandar alt det beste frå amerikansk musikk. Her får vi drypp av både R&B, vestkyst-countryrock, New Orleans funk, soul og bluesbasert rock n’ roll. Du kan høyre at bandet hentar inspirasjon frå klassiske amerikanske band som Little Feat og the Band. Vi anbefaler særleg bandet for fans av Cordovas, som gjorde ein kjempekonsert på Fjordblues i 2017.

Debutplata «Motel La Grange» som kom våren 2018 er smekkfull av fengande låtar og fekk veldig god mottaking. Gå ikkje glipp av dette første møtet med det som raskt kan bli ditt nye favorittband!