Foto: Jan Arve Heimsæter.

Brødrene Aa i gang att etter uvêrsskadane

Brødrene Aa er haltande i gang igjen etter skadane produksjonslokala i Hyen fekk under uvêret som ramma for to veker sidan.


Delar av produksjonen er no flytta til Eikefjord, mens 20 av dei 170 tilsette må ut i permisjon, skriv Sysla.


– Vi står han av. Sjølv om vi har eit stort oppryddingsarbeid framfor oss, har vi gradvis byrja å ta opp igjen noko av produksjonen på båtane som er under utrusting, seier Tor Øyvin Aa til avisa.


Aa reknar med drifta kan vere tilbake i normalt gjenge om eit par månaders tid.


Brødrene Aa har for tida tre båtar i produksjon, og dei skal alle vere intakte etter at fleire hundre kubikkmeter med stein, jord og vatn trengde inn i produksjonslokala 30. juli. (©NPK)