Leiar i BBIL, Bjarte Gangeskar, delte ut Breimstafettmedaljen til Olav S. Egge.

Breimstafettmedaljen til Olav S. Egge

Olav Oddvin S. Egge vart i dag tildelt Breimstafettmedaljen 2019. Dette heidersteiknet vart første gong utdelt i 1969.

– Olav Oddvin Egge har i mange år ytt stor, ueigennyttig innsats for lokalsamfunnet og idretten i Breim og i Gloppen. Han har stått i spissen for modernisering av idretten i Breim, og slik sett vore med på å fjerne gamle bygdestridar mellom grendene i bygda. Han er etter vår meining ein av dei som har betydd mest for Breim og Breimsbygda idrettslag, fortalde noverande leiar Bjarte Gangeskar under utdelinga.

71 lag var påmelde til den tradisjonsrike stafetten, og oppmøtet på tribuna var godt med tanke på usikre vêrmeldingar. Sjølv om sola heldt seg borte, var det stort sett opplett.


Julia Jordanger Loen fekk Eivind Indrebø sitt minnefond.


Robert André Moldestad vann Kraftprøva for menn, medan Malin Gran frå Stryn gjekk til topps i kvinneklassa.

Herrestafetten vart vunnen av Jølster IL, medan Førde IL var raskast i dameklassa.

Les meir om Breimstafetten 2019 i papirutgåva/e-avisa tysdag.