Home   >   Nyhende   >   Breimsbygda med sterk tredjeplass

Breimsbygda sitt jenter 14 år lag tok ein flott tredjeplass i KM i Futsal. Her ser vi frå venstre. Frida Sårheim Brakestad, Emma Fløtre, Natalie Seime, Karoline Hjelle, Ellisiv Hetle, Lieke Winkehorst og Guro Johanne Hole Hervik.

Breimsbygda med sterk tredjeplass

Breimsbygda sine jenter i klasse 14 år fekk ein flott tredjeplass i KM i futsal denne helga.

Bronsefinalen mot Lærdal søndag ettermiddag enda med siger, imponerande 4-0 til breimingane.

I tysdagsavisa skreiv vi at STIL sitt gutelag 19  år vann finalen, det er ikkje rett. Dei kom på andreplass etter Stryn. Stryningane vann eit spennande finaleoppgjer 2-1 laurdag kveld.