Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Brei miks av musikk-krefter

Arne Søholt (t.v.) og Håvard Nordvik er mellom medlemene i orkesteret under "Klinga mina klockor".

Brei miks av musikk-krefter

– I orkesteret har vi musikarar som aldri har spelt saman før. At dei står på same scene, er ein viktig del av dette prosjektet, fortel musikalsk leiar Trygve Apalset før «Klinga mina klockor» med Austrheim Musikklag og Elisabeth Andreassen i Trivselshagen laurdag. 

På deltakarlista til konsertane finn ein namn som Camilla Hole, Øyvind Lyslo, Eivind Kandal, Jørn Moen, Håvard Nordvik, Randi Støyva og Arne Søholt.

– Dei kjem frå vidt ulike musikalske tradisjonar, nesten ulike planetar, men eg ser det som viktig at personar som driv song og musikk, kunst og kultur, kan møtast. Dette er interessant, og eg trur det er byggjande for dei som er med og for kulturlivet i bygda, seier Apalset og fortel at det er lett for å halde seg i si eiga meinigheit, men at det kan vere sunt å byggje bruer på tvers.

– Eg er ikkje så oppteken av om det heiter symfonisk musikk, jazzrock, folkemusikk eller kyrkjemusikk. For meg er det snakk om musikk. I orkesteret er det personar som har vore med i operaorkester og i Breimskoret sitt orkester, der er tunge rockemusikarar og dei som er genuine, norske folkemusikarar, seier han.

Dei som vil oppleve denne herlege miksen av lokale musikk-krefter, bør kjenne si besøkstid…