Brann på Nordfjordeid

Eit uthus brann ned på Eid no på føremiddagen. Det var full overtenning då politi og brannvesen fekk melding rundt kl. 09.00

Huset var brukt i samanheng med eit sosialt lag og politiet trur brannårsaka kan vere gnistar frå ein peis, eller stearinlys som ikkje har vore sløkte.