Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Brann i båt i Breim

Brann i båt i Breim

Det braut ut brann i ein båt som stod på land på Seime i Breim tysdag kveld. 

Eigar dreiv med oppussingsarbeid i båten då han tok til å brenne. Årsaka er uviss.

På grunn av fare for eksplosjon, oppretta politiet ei sikringssone på 300 meter. Like over klokka 20.00 var gassbehaldarane redda ut og situasjonen avklara.