Både Bertel Oddne og Daniel Matias skaut feltfinale på siste dag av Landsskyttarstemnet. Foto: Marit Straume

Bra skyting i feltfinalane

Årets Landskyttarstemne vart avslutta i dag. Sist post på programmet var feltfinalane som vart avvikla i dag, fredag. Der skaut både far og son Mjellem, og begge bør vere nøgde med resultatet.



Senior fekk 10 treff på dei 12 finaleskota og 40 samanlagt etter 30 og fullt hus på den innleiande skytinga. Daniel Matias fekk åtte treff i finalen og enda på 37, etter 29 i den innleiande skytinga.

Gåve til Jølster

Frende Forsikring er sparebankane sitt forsikringsselskap og samarbeider med DFS, det frivillige Skyttarvesen. Mange skyttarlag har banene sine forsikra i Frende, og mellom dei er Jølster Skyttarlag.

På slutten av Landskyttarstemnet trekte forsikringsselskapet ut fem skyttarlag som kvar fekk 5000 kroner til rekrutteringsarbeid. Eitt av laga som vart plukka ut, var Jølster, og gåva vart teken i mot av Toralf Årdal og leiar i ungdomsutvalet, Helge Dvergsdal.

-Vi kjøpte rekruttammunisjon for pengane, og vi delte det på miniatyrammunisjon og grovkaliber, fortel Toralf Årdal som hadde ammunisjonen med seg tilbake til Jølster.

ølster Skyttarlag fekk gåve frå Frende og Toralf Årdal (t.v.) og Helge Dvergsdal tok i mot.