Home   >   Nyhende   >   Bønder vurderer å slutte som følgje av tørken

Fleire bønder vurderer å leggje ned drifta, som følgje av den veldige tørken i sommar. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien/NTB scanpix/NPK.

Bønder vurderer å slutte som følgje av tørken

Tørkeperioden denne sommaren har ført til fôrkrise fleire stadar. Det går ut over den psykiske helsa til bøndene og fleire har vurdert å leggje ned drifta.

Anlaug Wennevold jobbar som HMS-rådgivar i Norsk Landbruksrådgiving Øst på Heggenes i Rygge i Østfold. Ho har nettopp komme tilbake frå ferie, men fortel at dei får mange førespurnader frå folk med behov for ein prat.

– Vi er så heldige at vi har ei bedriftshelseteneste knytt til medlemskapen vår. Dei stiller opp med hjelp på dagen. Så dersom det er behov for snarleg hjelp er dei gode. I tillegg er vi gode samtalepartnarar. Vi kan vere den som kan hjelpe med å snakke med rekneskapsførar, Felleskjøpet, banken eller andre. Nokre gonger er det vanskeleg å ta det skrittet åleine, seier Wennevold til Nationen.

Ho har fått førespurnader frå bønder som vurderer å leggje ned drifta.

– Dei som har hatt tankar om å slutte om nokre få år, ser no på moglegheita til å leggje ned no, seier ho til avisa. (©NPK)