Meir enn halvparten av bønder opplever symptom knytt til slitasjeskadar. Foto: Bjørn H. Stuedal/Stuedal.no.

Bønder utsette for slitasje- og hudskadar

I ei ny undersøking oppgir heile 56 prosent av bøndene at dei har symptom knytt til slitasjeskadar, og ein firedel opplever plager med eksem, allergi eller andre hudproblem.


Undersøkinga er uført av Agri analyse for Landkreditt Forsikring.


Ane Wiig Syvertsen, administrerande direktør i Landkreditt Forsikring, meiner at talet på bønder som har desse plagene er urovekkjande høgt.


– Svara illustrerer at bondeyrket er fysisk krevjande, og at det ikkje alltid er enkelt å unngå belastningar som følgje av tunge løft og uheldige arbeidsstillingar.


Eksponering for kjemikaliar og kraftige reinsemiddel er ei viktig forklaring på hudproblema bøndene rapporterer, meiner Wiig Syvertsen.


– Systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik på det enkelte gardsbruk er viktig for å betre situasjonen, slik bevisstheita aukar og hudplagene blir redusert, meiner ho.


Slitasjeskadar blant bønder har samanheng med arbeidsrytmen, meiner Helle Arnes i Norsk Landbruksrådgivning.


– Den daglege timeinnsatsen er høgare enn i andre yrke og bøndene har som regel ikkje fri i helgene. Arbeidsperiodane med gjentakande bevegelsar og belastningar er svært lange, seier ho.


Trass i den høge talet på bønder som slit med slitasje- og hudskadar, vurderer bøndene stort sett eiga helse som god. Det er 46 prosent som gir eiga helse ein firar, 19 prosent midt på skalaen, men berre 6 prosent gir helsa karakteren éin eller to. (©NPK)