Heim   >   Nyhende   >   Bønder med mjølkerobot har meir fleksible arbeidsdagar

Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

Bønder med mjølkerobot har meir fleksible arbeidsdagar

Ein ny forskingsrapport frå Ruralis viser at bønder med mjølkerobot har meir fleksible arbeidsdagar, men jobbar meir enn bønder utan robot.

Eitt av hovudfunna i rapporten er at mjølkeroboten har endra kva bøndene brukar arbeidstida på, og at dei kan styre arbeidstida og fritida si sjølv.

Omlegging til robot fører ofte til auka produksjon, og bøndene brukar tida dei sparer på å ha mjølkerobot, på andre delar av drifta.

Det ser ikkje ut til at arbeidsfordelinga mellom kjønna blir påverka av mjølkeroboten. Både på gardar med og utan mjølkerobot tar kvinnene ein større del av oppgåvene knytte til heim og familie.

Resultat i rapporten tyder også på at mjølkerobotbønder uroar seg meir for gjeld enn andre bønder. Likevel ser bøndene lysare på framtida og føler seg meir verdsette som gardsbrukarar når dei har robot. (©NPK)