Berre 36 prosent oppgir at dei har opplegg for handfri i traktoren. Foto: Bjørn H. Stuedal/Landkreditt forsikring.

Bøndene nyttar ikkje handfri i traktoren

Berre ein av tre bønder har opplegg for handfri i traktoren, det er også fleire som vel ikkje å kople til mobilen sjølv om handfri er tilgjengeleg.


I ei undersøking gjennomført av Agri analyse for Landkreditt Forsikring oppgir heile 64 prosent av bøndene at dei ikkje har opplegg for handfri i traktoren. Om lag 9 prosent svarar at dei har handfri montert, men berre nyttar det av og til, og ytterlegare 6 prosent har utstyret montert, men brukar det sjeldan eller aldri.


– Drygt to av ti seier at dei har utstyr som kan bli nytta, og at det alltid eller regelmessig er i bruk. Det er mykje lågare enn ønskjeleg, for dette handlar i høg grad om å redusere risikoen for ulykker, seier administrerande direktør i Landkreditt Forsikring Ane Wiig Syvertsen.


Ein rapport frå Bygdeforskning viser at traktoren er involvert i 14 prosent av ulykkene på garden. Wiig Syvertsen meiner det viser kor viktig det er å konsentrere seg om køyringa når ein nyttar traktor. (©NPK)