Heim   >   Nyhende   >   Bondelagsleiar krev stopp i pelsdyravviklinga

Regjeringa må stoppe arbeidet med avvikling av pelsdyrnæringa, krev leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag. Foto: Hannah Kolås/NPK.

Bondelagsleiar krev stopp i pelsdyravviklinga

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag meiner at høyringsrunda om pelsdyravviklinga viser at grunnlaget for å avvikle pelsdyrnæringa er for tynt.

I alt 323 privatpersonar, bedrifter og organisasjonar hadde levert høyringssvar om avviklinga av pelsdyrnæringa før fristen gjekk ut førre veke, skriv Nationen.

– Eg opplever høyringssvara som ei brutal tilbakemelding til regjeringa. At aktørar som Regelrådet og NHO er skeptiske til utgreiingsgrunnlaget, gjer at eg meiner regjeringa må lytte til næringslivet, seier Bartnes til avisa.

Bondelaget meiner at regjeringa no må stoppe lovarbeidet, og at det ikkje er grunnlag for å foreslå lovendringar i denne stortingsperioden.

Regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre vart i fjor einige om å avvikle pelsdyrnæringa i Jeløyplattforma, eit vedtak som er vidareført i den ferske Granavollplattforma, der også KrF er med. Landbruks- og matdepartementet arbeider no med utkast til lov, der det er lagt opp til ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa fram mot 2025.

I høyringa er NHO er kritisk til framgangsmåten i saka og peikar på at Regelrådet meiner at delar av utgreiinga som låg til grunn for avviklingsvedtaket, er for dårleg. Regelrådet har som oppgåve å vurdere konsekvensane av nye lover og reglar for næringslivet.

– Gitt Regelrådets kritiske merknader til avgjerdsgrunnlaget frå Landbruks- og matdepartementet, meiner NHO Mat og drikke at regjeringa i det minste må greie ut om alternative utformingar av kompensasjonsordninga før dei kan forvente at høyringsinstansane tar stilling til dette spørsmålet, og før saka blir lagt fram for Stortinget, skriv NHO. (©NPK)