Bodil Fjellestad Eikrem gler seg til å vere gjest i Sommeråpent tysdag kveld. (Foto: Espen Mills)

Bodil får ei spennande utfordring

Kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem får ei spennande utfordring når ho er gjest i Sommeråpent i kveld. – Eg skal lage mat av det eg finn etter ei runde rundt på campingplassen, smiler ho.


NRK Sommeråpent gjer denne veka strandhogg på Gloppen Camping og Fritidssenter, og med Mikkel Niva og Christian Strand som programleiarar blir det sendingar frå Gloppen heile veka.

– Kjekt for alle i Gloppen

Bodil Fjellestad Eikrem, kjøkkensjef ved Gloppen Hotell, er å finne på gjestelista den første kvelden.

– Eg har fått i oppgåve å besøkje nokre av campingvognene på campingplassen. Vi skal sjå kva som finst av mat i kjøleskåpa, og skal deretter lage litt mat ut av det vi finn. Det blir spennande å sjå kva der er, seier ho, og legg til at ho håpar at ho finn meir enn berre pizza og pølser.

– Eg håpar vi finn mykje godt som vi kan lage noko spennande av. Så mykje meir enn det, veit eg førebels ikkje. Vi får ta det litt på sparket. Det er i grunn det eg likar best, smiler ho.

Ho gler seg til å vere med i fjernsynsprogrammet.

– Saman med familien reiser eg på ferie onsdag. Viss eg skulle vere med, måtte det bli tysdag. Eg var heldig. Dette blir kjekt for heile Gloppen, peikar ho på.

– God reklame for kommunen

– Kva tenkjer du om at Sommeråpent blir sendt frå Gloppen Camping i år?

– Dette blir kjempereklame for kommunen vår. Det er heilt fantastisk. Eg tenkjer også at vi har mykje å vise fram. Eg håpar mange stiller opp som publikum under sendingane og bidreg til å skape god stemning – uansett vêr. Det er viktig med litt liv og røre. Det er mange spennande folk som skal vere med i programmet denne veka, seier ho.

I 2011 var Bodil Fjellestad Eikrem med i TV2-programmet «Det norske Måltid».

– I forkant hadde dei gjort opptak i Gloppen, og så var eg med på konkurransen i Stavanger. Det er moro å vere med på slikt. Laget som eg representerte, Vestlandet, vann konkurransen, og det var ekstra kjekt, fortel ho.

– Ei stor omvelting

Torstein Kollevåg og Eivind Kandal frå Sølvane gard i Kandal skal vere gjester i Sommeråpent fredag kveld.

– Vi skal snakke om det å kome frå byen, etablere oss i Kandalen og skape oss eit heilt nytt liv. Det er ei stor omvelting, og det er ei spennande historie å formilde, seier Torstein Kollevåg.

Å tore å satse på det ein har i seg av kreativitet er viktig i så måte.

– Her på bygda går det fint an å få til noko. Det var vanskelegare å skape noko i byen, seier han.

– Kva skuldast det?

– På bygda er vegen til mål mykje kortare. Det er kort veg til kommunen, til næringssjef og landbrukssjef, og plutseleg har ein eit prosjekt på gang i lag med ein nabo – eller heile bygda blir med på det. Det er umogleg å få til noko liknande i byen. Viss vi kan inspirere andre til å gjere noko liknande, er det positivt. Det har i alle fall opna seg mange nye moglegheiter etter at Eivind og eg flytta til Gloppen, seier han, og legg til at han gler seg til sendinga fredag.