Dagleg leiar Arve Kleppe meiner alt ligg til rette for at årets countrytreff i Breim skal bli blant tidenes beste. (Arkivfoto)

– Blir blant tidenes countrytreff

Norsk countrytreff i Breim har utselde konsertar og ligg betydeleg over fjoråret i førehandssal. Dagleg leiar Arve Kleppe meiner utsiktene ikkje kunne ha vore betre.


– Vi har eit kjempegodt program, vêrmeldingane er blitt strålande og folk vil ut for å leve litt, seier Kleppe før årets countrytreff som startar torsdag.

Senka skuldrer

Arve Kleppe fortel at førebuingane har gått bra, dei er i mål med det aller meste som skal gjerast før treffet startar.

– Både opningskonserten i Trivselshagen torsdag, «Farewell Sogn og Fjordane», og kyrkjekonserten laurdag er utselde. Det er veldig bra, seier han og legg til at dei aldri har hatt tre konsertar torsdag før.

– I Breim er stemninga god. Vi har låge skuldrer, sola skin, det kunne ikkje blitt betre.

– Blir eit eventyr

Fredag vert det moro for dei unge under Barnas countrytreff i Trivselshagen. Sentrumskonsertar både på Sandane, Reed og Byrkjelo vert arrangerte laurdag føremiddag, før kyrkjekonserten i Breim kyrkje.

Søndag kveld vert det konsert i Frislidlada. I tillegg blir det sjølvsagt ei lang rekkje konsertar på Norsk Fjordhestgard.

– Høgdepunktet under treffet blir konserten med Emmylou Harris laurdag. At ho kjem til Breim, er eit resultat av langvarig jobbing. Ho er ei verdsstjerne, det blir eit eventyr, meiner den daglege leiaren.

Fleire utbetringar

Arve Kleppe trur treffet i år blir eitt av tidenes beste, og har svært god tru på helga. I førekant har dei gjort fleire utbetringar.

– Vi har fått bygd nytt kjøken, det førre var slite. I tillegg har vi utbetra arenaen med større plass og fleire benkar. I år tilbyr vi for første gong podtown som overnattingsalternativ. Dette er kompaktrom ein kan leige. Desse har selt godt til no. Vi håpar på suksess også i år, og forbetrar heile vegen for å få til det, fortel han.

Norsk Countrytreff oppmodar publikum om å nytte sjansen. Kleppe trur ikkje Emmylou Harris kjem til Breim fleire gonger.

– Ein må hive seg rundt, seier han.

Mange frivillige

På arrangørsida er mellom 700 og 800 personar i sving kring treffet. Helga genererer om lag fire årsverk.

– Det hadde vore heilt umogeleg å gjennomføre Norsk Countrytreff utan dugnadsinnsats. Vi kunne ikkje ha betalt fire årsverk. Det går forbausande bra å få med så mange frivillige, mange ser nok at innsatsen går tilbake til bygda på ulike måtar.

– Med ein vellukka festival får vi ei styrka sjølvkjensle, og ein kan kjenne at ein høyrer til i bygda. Slik sett er Norsk Countrytreff positivt for heile Breim, seier Arve Kleppe.