- Bli med på Pride

Lesarinnlegg av Hege Lothe, kommunestyrerepresentant for Gloppen SV og Ole Fosse Fardal, 1. kandidat for Gloppen SV:

På fyrstkomande laurdag er det den aller fyrste Pride-paraden i Sogn og Fjordane. Den er i Førde, og Gloppen SV vonar alle som kan reiser til Førde for å gå i paraden!

Alle skal ha fridom til å være den dei er og elske den dei vil utan fare for å bli diskriminert eller trakassert. I eit likestilt samfunn kan alle ope leve ut sin identitet, kjærleik og sine kjønnsuttrykk. Fellesskapet vert rikare og samfunnet rausare om folk får leve frie liv, frie frå fordommar frå andre.

For fyrste gong, laurdag 9. februar, vaia regnbogeflagga frå flaggstengene på heradshuset i Gloppen. Desse flagga vert heisa igjen på laurdag 15. juni! Fordi vi bryr oss og fordi vi vil syne at vi bryr oss.

Det ligg ei utruleg sterk og viktig kraft i kjærleiken. Kjærleik er ikkje like sjølvsagt for alle. At enkeltinnbyggarar føler at dei må leve eit liv i løynd, fordi vi som samfunn ikkje er rause nok, kan vi ikkje akseptere. Vi må tydeleg syne at bygda vår og samfunnet vårt har respekt for og vil gje fridom til alle.

Gloppen SV ynskjer til lukke med Pride i Sogn og Fjordane!