Blåklokka 4H på Vassenden er kåra til Årets 4H-klubb i Sogn og Fjordane i 2018. Her er nesten heile klubben samla.

Blåklokka vart Årets 4H-klubb

Blåklokka 4H frå Vassenden i Jølster er kåra til Årets 4H-klubb i fylket for 2018 etter eit svært innhaldsrikt og aktivt år, skriv 4H Sogn og Fjordane i ei pressemelding. 


– Det er stort at klubben vår er blitt kåra til Årets 4H-klubb, smiler leiaren for Blåklokka 4H, Isak Nordgulen (16).


Stor aktivitet og mykje moro


I 2018 hadde 4H-klubben heile 63 medlemmer, arrangerte 13 klubbmøte og 6 styremøte, og deltok på mange ulike arrangement og aktivitetar. Dei stod også bak aspirantleir på Strand 4H-gard, og hadde deltakarar på mellom anna Fylkesleir, Landsleir, Superhelg og Storkurs i 4H. Under Storkurs i 4H var Blåklokka 4H også teknisk arrangør.


– Klubbrådgjevarane våre er til stor hjelp i klubben vår, dei gjev oss mange gode tips, fortel den unge leiaren.


Den aktive 4H-klubben hadde i løpet av året mellom anna julemøte på Strand 4H-gard, prosjektvalmøte, akedag på naturmøteplassen med grilling og natursti, pangstart, volleyball og klatring i Sunnfjordhallen, overnatting på naturmøteplassen, go-cart, bowling, pangstopp og haustfest, og mange fleire aktivitetar.


Kjekke framtidsplanar


– Det kjekkaste som skjedde i fjor, må vere akedagen på naturmøteplassen vår. Då aka vi og hadde både kappløp og bålmat, mimrar klubbleiaren, og held fram:


– Og i år har vi også forskjellige ting planlagt, mellom anna ulike møter og sjølvsagt å jobbe med prosjekta våre. Og så ser vi jo veldig fram til å få reise på Nordisk leir, som i år skal vere i Danmark.


Diplom og tinnkrus

Det er fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane som kvart år kårar Sunnfjord,- Nordfjord- og Sognemeister blant 4H-klubbane i fylket.


Mellom desse tre vel ein Årets klubb. Sognemeister i 2018 vart Erla 4H på Norane i Sogndal, Nordfjordmeister vart Trekløveret 4H frå Kjølsdalen i Eid, og Sunnfjordmeister og Årets klubb vart altså Blåklokka 4H.


Årets 4H-klubb fekk diplom og eit tinnkrus, som dette året var sponsa av Nortura og vart utdelt på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane.