Heim   >   Nyhende   >   Blaff av sommar til helga

Blaff av sommar til helga

Heile Sør-Noreg er venta å få temperaturar på over 20 grader i helga. Varmare temperaturar kjem òg til Nord-Noreg, men der følgjer det med nedbør.

– Det blir varme temperaturar til helga, men det er litt på grensa å kalle det «Indian summer», seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes i Meteorologisk institutt til NTB.

«Indian summer» blir ofte definert som ein varm periode først etter at ein har hatt ein ordentleg kuldeperiode.

– Det blir uansett gode temperaturar over heile landet i låglandet sør for Trondheim frå fredag kveld og gjennom helga. Varmen flyttar seg òg mot Nord-Noreg gjennom helga, men der følgjer det med nedbør, seier Moxnes.

Ho seier det jamt over vil vere temperaturar på rundt 20 grader og høgare. Før dei varme dagane set inn, vil det vere vinterleg på fjellovergangane frå og med onsdag, ifølgje Moxnes. (©NPK)