BKK vurderer å anke

Lagmannsretten har gitt Sogn og Fjordane fylkeskommune medhald i at fylkeskommunen kan overføre eigarskapen sin i SFE til kommunar i fylket, utan at det utløyser forkjøpsrett. 

- BKK vil no bruke tid på å gå gjennom dommen frå lagmannsretten og premissane for retten sine vurderingar. Så får vi sjå om det eventuelt er grunnlag for å gå vidare til Høgsterett, seier Jarle Hodne, konstituert konserndirektør Kommunikasjon i BKK, i ei pressemelding.

BKK har heile tida hevda at Sogn og Fjordane fylkeskommune brukar domstolen for å omgå avtalar dei sjølve har inngått. Forkjøpsretten til aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) er uttrykkjeleg avtala i aksjonæravtalen mellom eigarane og er ein del av SFE sine vedtekter. I tillegg er forkjøpsretten nedfelt i aksjelova.

- Fylkeskommunen har aldri lagt skjul på at heile poenget med å be retten ta stilling til ein transaksjonsmodell med bruk av eit holdingselskap for å overføre verdiane i SFE til kommunane i fylket, er å omgå avtalane dei tidlegare har inngått om forkjøpsrett. Med dette vil fylkeskommunen avgrense moglegheita for framtidig omsetning av aksjane, samtidig som dei beheld kontrollen og styringa med SFE. Ein eigarstruktur gjennom eit holdingselskap vil vere verdireduserande og til hinder for nødvendig strukturutvikling, seier Hodne, som understreker at saka berører alle aksjonærane i SFE, ikkje berre BKK.

Fylkeskommunen gjekk til sak

I samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune blir slegne saman til det nye fylket Vestland 1. januar 2020, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at eigarskapen til aksjene i SFE skal bli verande innanfor dagens fylkesgrense.  SFE er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune via dotterselskapet Sogn og Fjordane Holdning (SF Holding AS) (49,5 %), BKK (36,8 %) og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal (til saman 13,7 %).

Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK og bad retten fastsetje at dei kan overføre 80 prosent av eigarskapen sin i SFE til kommunar i Sogn og Fjordane, utan at BKK kan hevde forkjøpsrett til aksjane. Saka gjekk for tingretten 3. – 5. september 2018.

Sogn og Fjordane tingrett gav fylkeskommunen medhald i at størstedelen av verdiane i SFE kan overførast til kommunar i fylket, via overdraging av 80 % av aksjene i holdingselskapet, uten at det utløyser forkjøpsrett.

Ein slik transaksjon er imidlertid ikkje gjennomført, og verken BKK eller øvrige eigarar har hevda forkjøpsrett. BKK la derfor ned påstand om at retten skulle avvise saka.

Saka var til behandling i Gulating lagmannsrett 26. – 28. februar etter at BKK anka dommen fra Sogn og Fjordane tingrett.

Ville ha saken avvist

- I lagmannsretten argumenterte BKK for frifinning fordi overdraginga vil utløyse forkjøpsrett dersom den blir iverksett. Dette skuldast blant anna at fylkeskommunen si planlagde transaksjonsrekke med bruk av et holdingselskap er ei klar omgåing av inngåtte avtalar og reglane om forkjøpsrett, seier dr. juris, Filip Truyen, som er BKK sin advokat og ein av Norges fremste ekspertar på selskapsrett.

Vidare meinte BKK at saka skulle avvisast fordi Sogn og Fjordane fylkeskommune har reist søksmål om forkjøpsrett til aksjar som er eigde av SF Holding AS. BKK meiner det er sikker rett at ein aksjonær ikkje kan gå til søksmål om rettane til eit aksjeselskap.