Heim   >   Fylket   >   BKK trekkjer anken i SFE-saka

Sogn og Fjordane Energi

BKK trekkjer anken i SFE-saka

BKK trekkjer anken til Høgsterett i SFE-saka. Lagmannsretten sin dom blir dermed ståande.

– Vi har bestemt oss for å halde fram som langsiktig eigar i SFE og ønskjer å skapa ro rundt selskapet. Vårt fokus er å bidra til ei god utvikling for SFE saman med dei andre eigarane, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK, i ei pressemelding.

Fylkeskommunen gjekk til sak

I samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune går saman til det nye fylket Vestland 1. januar 2020, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at eigarskapen til aksjane i SFE skal bli verande innanfor dagens fylkesgrense.  SFE er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune via dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding (49,5 %), BKK (36,8 %) og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal (til saman 13,7 %).

Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK og bad retten fastsetje at dei kan overføre majoriteten av aksjane sine i Sogn og Fjordane Holding til kommunar i Sogn og Fjordane, utan at BKK kan hevde forkjøpsrett til aksjane. Saka gjekk for tingretten i september 2018 og for lagmannsretten i februar 2019. BKK anka til Høgsterett.

SFE-eigarskap med vestlandsperspektiv

Ifølgje lagmannsretten vil forkjøpsrett kunne gjelde ved sal av aksjar i Sogn og Fjordane Holding.

– Dette gir ei klar avgrensing for kva fylkeskommunen kan gjere vidare med overføring av eigarskap og styring i SFE, seier Hilland.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedtatt at dei ønskjer å dele ut 80 prosent av aksjane sine i Sogn og Fjordane Holding til kommunar i Sogn og Fjordane. I samsvar med premissane i lagmannsretten sin dom har fylkestinget samtidig vedtatt at Sogn og Fjordane fylkeskommune (seinare Vestland fylke) skal behalde kontrollen over selskapet.

– Slik vi ser det, vil den vedtatte modellen gi ein eigarskap som sikrar vestlandsperspektivet i større grad enn det har vore lagt opp til tidlegare, uttaler Hilland.

Ei gjennomføring av fylkestinget sitt vedtak var avhengig av ei avklaring i ankesaka.

– For oss er det viktig at SFE og dei kommunale eigarane no skal få ei avklaring i denne saka, seier Jannicke Hilland.