BKK held fram som SFE-eigar

BKK vil halde fram som eigar i Sogn og Fjordane Energi (SFE), og tar ikkje stilling til tilbodet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om å kjøpe BKK ut av SFE, skriv BKK i ei pressemelding.

Fylkeskommunen har overført sin eigarskap i SFE til Sogn og Fjordane Holding, som er 100 prosent eigd av fylkeskommunen. BKK eig 36,8 prosent av SFE, medan Sogn og Fjordane Holding eig 49,6 prosent.

Endra vedtekter sikrar Vestland fylke kontroll
Fylkestinget vedtok 4. juni å endre vedtektene for Sogn og Fjordane Holding, slik at Vestland fylke er sikra kontroll over selskapet etter fylkessamanslåinga 1. januar 2020.

- Det er viktig for oss at det er nye Vestland fylke som blir eigar i Sogn og Fjordane Holding. Dei nye vedtektene sikrar ei balansert styring av selskapet, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Fylkeskommunen vil overføre kraftverk frå SFE til BKK
Sogn og Fjordane fylkeskommune tok initiativ til å kjøpe BKK ut av Sogn og Fjordane Energi (SFE). I byte mot aksjar i SFE har Sogn og Fjordane Holding no tilbydd ein kombinasjon av kontantar og overføring av kraftproduksjon frå SFE til BKK. Både styret og administrasjonen i SFE har gitt signal om at dei ikkje er tilfredse med tilbodet fylkeskommunen har lagt på bordet om overføring av kraftverk, heiter det i pressemeldinga.

- BKK er sikre på at naturressursane på Vestlandet best kan forvaltast og vidareutviklast gjennom eit sterkt Vestlandsselskap, med ein desentralisert organisasjonsstruktur der sterke regionale kompetansesenter vert motor for lokal verdiskaping og samfunnsutvikling.

- Vi har vore ein langsiktig eigar i SFE fordi vi har sett dette som eit framtidsretta og riktig samarbeid, der vi saman har bidratt til utvikling og verdiskaping til beste for lokalsamfunnet, kundar og tilsette. Slik vi vurderer det no, er det framleis rett for BKK å være ein aktiv eigar i selskapet slik at vi kan halde fram å samarbeida om gode energiløysingar på Vestlandet, seier Hilland.