BKK ankar dommen i SFE-saka

- Sogn og Fjordane fylkeskommune har trukke BKK inn i ei rettssak som burde vore avvist av tingretten. For å omgå forkjøpsretten til SFE-aksjane har fylkeskommunen konstruert ein hypotetisk transaksjonsmodell, og nyttar rettsvesenet som utgreiingsinstans, skriv BKK i ei pressemelding.

- Fylkeskommunen har ikkje lagt skjul på at heile poenget med å be retten ta stilling til ein transaksjon der dei overfører verdiane i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) til kommunar i fylket er å hindre bruk av avtalt forkjøpsrett. At fylkeskommunen nyttar domstolen til å utgreie ein hypotetisk transaksjon har ei prinsipiell side som strekkjer seg ut over denne saka. BKK ankar avgjerdsla frå tingretten, seier konserndirektør Kommunikasjon Tonny Nundal.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og BKK var i si tid samde om å få til ei konsolidering av kraftbransjen i fylket. BKK var difor med på å styrke SFE med kapitalinnskot og ved å leggje til rette for at fleire mindre energiverk vart fusjonert inn i selskapet.

- BKK har heile tida hatt trua på at eit tettare samarbeid mellom energiselskap på Vestlandet vil styrke regionen sine moglegheiter til vekst og verdiskaping. Det var også bakgrunnen for at vi var positive til initiativet frå SFE om å sjå på moglegheiten for å etablera Vestlandskraft som ein grøn motor på Vestlandet. I overgangen til lågutsleppssamfunnet er vi avhengige av å bruke kompetanse og finansielle musklar for å investere i energiproduksjon, infrastruktur og grøn verdiskaping. Som eigar i SFE er det vår jobb å leggje til rette for framtidige moglegheiter og sikre verdiane for alle aksjonerane. Her har fylkeskommunen dessverre eit anna syn. Vår oppleving er at dei i liten grad vil vera med og utvikla SFE til det beste for selskapet og eigarane, seier Nundal.

I dommen fra Sogn og Fjordane tingrett vart det slått fast at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan overføre majoriteten av aksjene i dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding til kommunar i fylket, utan at det utløyser forkjøpsrett til SFE-aksjene.

- Fylkeskommunen vil overføre aksjar og avgrensa moglegheita for framtidig omsetnad av dei, men samstundes behalde3 kontrollen og styringa med SFE, seier Nundal.

Professor dr. juris, Filip Truyen, som er BKK sin advokat og ein av Norges fremste ekspertar innan selskapsrett, uttrykkjer at det ligg føre fleire rettslege grunnlag som tilseier at saka skulle vore avvist.

- For det første gjeld ikkje søksmålet ein aktuell tvist. Sjølv i etterkant av dommen har Sogn og Fjordane fylkeskommune understreka at det ikkje er avgjort om aksjane skal overførast til kommunane. Transaksjonsmodellen som vart vurdert i saka var altså berre eitt av fleire moglege alternativ for overføring av SFE-verdiane. I tillegg burde saka vore avvist fordi Sogn og Fjordane fylkeskommune har reist søksmål om forkjøpsrett til aksjar som er eigde av Sogn og Fjordane Holding AS. Fylkeskommunen kan ikkje gå til søksmål om Sogn og Fjordane Holding sine rettar, seier Truyen.