Bjarne Denk får hjelp av sonen Frode Denk til å restaurere veteranlastebilen.

Bjarne har kjøpt tilbake gamlebilen frå 1975

I 1975 kjøpte Bjarne Denk ein lastebil som han hadde i seks år. Fire eigarar og over førti år seinare, har han no kjøpt tilbake lastebilen. Saman med sonen Frode skal han no restaurere bilen, og få han mest mogleg lik slik han var då han vart kjøpt ny.


Bjarne Denk har alltid interessert seg for køyretøy og starta tidleg med å køyre lastebil. I 1968 kjøpte han sin første lastebil, og har sidan det hatt om lag tjue bilar totalt.

Nostalgi

For om lag fire år sidan såg Bjarne at ein lastebil han sjølv hadde køyrt for vel førti år sidan var lagt ut for sal. Då vart det ikkje kjøp, men han fekk kontakt med han som kjøpte bilen. Nokre år seinare baud sjansen seg på nytt, og denne gongen var han ikkje i tvil.

– Seljaren prøvde først å få meg til å kjøpe ein annan veteranlastebil, men eg sa til han at dersom eg skulle kjøpe ein bil, så skulle det vere ein eg har køyrt sjølv. Vi vart til slutt einige om pris, så då sette eg og Frode kursen mot Moelv for å hente bilen. Vi køyrde han heim utan eit einaste feilskjer. Det var nostalgisk å køyre bilen igjen, fortel Bjarne Denk.

Bilen står no i ein garasje på Eide sandtak. Det var her bilen var i bruk på 70-talet. I garasjen står der også ein annan veteranbil som Bjarne og Frode har restaurert. Det er ein kopi av ein annan lastebil Bjarne hadde.

– I 1975 kjøpte eg to nye bilar. Éin Scania LS140 og ein Scania L81. Vi fekk tak i ein kopi av L81-bilen, som vi no har restaurert. Det blir artig å få i stand begge bilane.

Mykje arbeid

Å restaurere gamle lastebilar er både tid- og ressurskrevjande, og det er mykje arbeid som må gjerast før ein får bilen tilbake i god stand.

– Tippkassa og planet på bilen er originalt, men det er utslitt og litt rusta. Det må reparerast og ordnast til. Vi må sandblåse, skru og lakkere for å få det i stand. Hytta må også trekkast opp igjen på innsida. Det er mykje som må gjerast, men ingenting er umogleg, seier Bjarne.

Det er ikkje alltid like enkelt å få tak i deler til eldre bilar, så Bjarne og Frode har vore nøydde til å bestille deler frå utlandet.

– Det hender vi får tak i deler på Facebook-grupper, men det skjer ikkje så ofte. I Nederland er der eit firma som produserer nye deler som passar til eldre bilar. Vi har også fått tak i nokre deler frå Danmark. Motordelar går som regel greitt å få tak i, men det er vanskeleg å finne karosseridelar, fortel dei.

– Affeksjonsverdien er stor

Når bilen er ferdig restaurert, er planen at han skal bli med på nokre veteranbiltreff.

– Bilen kjem til å bli brukt til korte turar i ny og ne og til å reise på treff for veteranlastebilar. Den blir ikkje brukt til å køyre noko særleg, men affeksjonsverdien er stor, seier Bjarne.

Seinast førre helg var Bjarne og sonen Frode på veteranbiltreff, noko som var stor stas.

– Vi var på eit treff i Tresfjord nyleg. Det var 213 veteranlastebilar som deltok på treffet. Eg såg tre-fire bilar som er av same typen som den vi no restaurerer. Det er ein sjeldan bil, og det er ikkje mange igjen i Noreg. Dei fleste lastebilane av same typen er blitt eksportert til utlandet, så det er veldig kjekt å sjå at nokre av bilane er igjen i landet, fortel Bjarne.

På slike treff møtest mange bilinteresserte, og det er svært sosialt.

– På veteranbiltreffet møter ein veldig mykje folk, både folk eg kjenner og folk som hugsar igjen bilen. Ein av dei eg møtte på treffet var med og leverte bilen til meg i 1975, så det var artig. Det er ein del historie som gjer det interessant.

Sønene er interesserte

Bjarne har hatt ei interesse for bilar så lenge han kan hugse, noko som har gått i arv.

– Sønene mine syns nok det er minst like stas som eg med restaurering av gamlebilen. Vi samarbeider om prosjektet, fortel han.

Frode Denk var tre år då faren kjøpte bilen. Han hugsar lastebilen godt.

– Eg var jo liten då pappa kjøpte bilen, men samstundes hugsar eg ein del. Vi hadde bilen i seks år, så eg og bror min Kurt var mykje med og sat på. Det er veldig kjekt å få han tilbake, seier Frode.

Han har nyleg kjøpt tilbake verkstaden som bilen står i og den tilhøyrande brakka. Begge bygga har Bjarne sett opp sjølv.

– Eg syns heilskapen med at vi har fått tilbake både bil og verkstad er stas. Vi brukte mykje tid i verkstaden då vi var små, så det er dette vi er oppvaksne med. No er vi tilbake der vi starta, fortel Frode.

Ønskjer større miljø

Interessa for veteranbilar er aukande, og på ulike forum og Facebook-grupper kan Bjarne og Frode kommunisere med andre som har den same interessa. Men i Gloppen er her ikkje det store miljøet. Frode håpar på eit større miljø her i kommunen.

– Eg ønskjer at vi kan få eit miljø ut av dette. Det er sosialt, og dersom ein har ulik kompetanse, kan ein hjelpe kvarandre og dele på kunnskapen ein har. I Stryn og på Stårheim er der litt miljø for lastebilar, men her på Sandane er det stort sett berre vår familie og eit par til, seier Frode.