Bil av vegen
Føraren skal ha kome seg uskadd ut etter at bilen han sat i kom utfor vegen på 3v 15 gjennom Markane i Stryn litt før klokka sju fredag morgon.
Bilen ligg utanfor køyrebana og naudetatar er på veg. Det skal vere glatt på vegane i området melder politiet. Det skal ikkje vere andre involvert i uhellet.
• • •
Ein arbeidar måtte få legehjelp etter å ha skadd handa i eit arbeidsuhell på Ankerløkken i Florø torsdag kveld. Politiet har vore på staden og rutinemessig opprettar sak på hendinga.
• • •