Foto: Heiko Junge/NTB scanpix.

Betydeleg snøskredfare over store delar av landet fredag

Både våt snø og nysnø fører til auka snøskredfare over store delar av landet fredag.


Varslingstenesta Varsom.no melder fredag om betydeleg snøskredfare over store delar av landet. Unntaka er Hallingdal, Vest-Telemark, Heiane og Nordenskiöld Land på Svalbard. Der er faregraden moderat.


På Sunnmøre vil mildvêret trekkje høgare opp i fjellet og gi fare for våte skred. Dette gjeld òg for Hardanger og Voss. I store delar av Nord-Noreg, Vestlandet og det sentrale Sør-Noreg kan naturleg utløyste skred ventast.


Så langt i vinter har sju personar omkome som følgje av snøskred. Det gjer skredvinteren til den dødelegaste på fem år. Berre den siste veka har det skjedd fleire skredulykker rundt om i landet.


Onsdag vart to personar tatt av eit snøskred i Lofoten, etter at eit skred gjekk i Vågan kommune, og ein person vart skadd. Tysdag gjekk det eit snøskred i Hemsedal, utan at nokon vart tatt. Førre laurdag vart fem personar tatt av eit snøskred på Kvaløya i Troms, og ein mann vart alvorleg skadd som følgje av hendinga.


Snøskredvarslinga ber folk om å unngå ferdsel i skredterreng. (©NPK)