Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Bli betre kjend med forfattarar frå fylket

Ove Eide.

Bli betre kjend med forfattarar frå fylket

– Kva er den fremste litteraturen som har kome frå Sogn og Fjordane – gjennom tidene? Eit stort spørsmål, som Ove Eide har sitt svar på: Han har laga ein litterær kanon frå fylket vårt, ei liste over den litteraturen han meiner står seg best.

No vil han gje oss i Gloppen eit innblikk i forfattarskapen til tre forfattarar frå denne lista, på beste «Sogn og Fjordane-vis»: Han vil presentere ein forfattar frå kvart fogderi – Elling Vanberg frå Nordfjord, Kristian Elster d.e. frå Sunnfjord og Kari Bakke frå Sogn. Lokale høgtlesarar vert med.

Det er truleg ingen andre i fylket som har slik inngåande breiddekunnskap om litteraturen frå Sogn og Fjordane som nettopp Ove Eide. Det gjeld både den eldre og den nyare litteraturen. Samstundes har han nasjonal oversikt etter eit langt yrkesliv som norsklærar, han har òg vore med å utarbeide nasjonale læreplanar og lærebøker for norskfaget i den vidaregåande skulen.

I fjor vinter presenterte Ove Eide den litterære fylkestopplista på arrangement i Gloppen, i Førde og i Sogn. I veke 9, 10 og 11 skal Ove Eide på turné med denne breie presentasjonen av forfattar frå heile fylket vårt gjennom tidene, til fleire Nordfjordbibliotek: Selje, Vågsøy, Eid, Stryn, Bremanger. Det biblioteka først og fremst ynskjer med denne turneen er å fremje kjennskap, lesing og bruk av vår eigen litteratur, for det fortener den!

Turneen vert gjennomført med støtte frå Fritt Ord, som i år yter midlar til ulike arrangement i folkebiblioteka knytt til kanonisering av litteratur.

Arrangementet  er gratis.

Velkomen til Gloppen folkebibliotek i Trivselshagen måndag 12. mars.