Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix.

Besteforeldre brukar "sjokkerande mykje" på julegåver, meiner forbrukarøkonom

I år skal vi i snitt bruke 6.570 kroner på julegåver. Det er 425 kroner meir enn i fjor. Besteforeldre skil seg ut og bruker desidert mest, ifølgje ei måling.


Besteforeldre skal bruke heile 9.369 kroner i snitt på julegåver i år. Det er ein auke på 1.440 kroner frå jula i 2018, viser DNBs Forbrukerbarometer.


– Denne summen er sjokkerande høg, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.


Ho understrekar at ho ikkje synest at dette er eit døme til etterfølging.


– Eg synest det er alt, alt, altfor mykje. Det er nok mange som ikkje kjenner seg igjen i dette. Det er eit gjennomsnitt, og dei som har mykje, drar nok opp snittet, seier ho.



Kjøpepress

Undersøkinga viser dessutan at besteforeldre er gruppa som føler mest kjøpepress i jula.


Ein del besteforeldre får nok bestillingar frå barna sine om kva dei skal gi barnebarna, seier kommunikasjonssjef Christin Engelstad i organisasjonen Senior Noreg.


– Og så vil ein jo gjerne gi noko som både er fornuftig og koseleg. Det verkar som at besteforeldre bruker meir på barnebarna enn foreldre gjer på eigne barn, seier ho.


Sandmæl trur årsaka til det høge forbruket mellom anna er at folks inntekt og formue har auka kraftig i Noreg dei siste 25 til 30 åra.


Besteforeldregenerasjonen har rett og slett betre råd.


Det er Engelstad samd i.


– Mange er glade for å kunne dele. Ein kan og vil hjelpe til. Men så er det jo andre som føler at jula skaper eit stort press på økonomien, dei må vi ikkje gløyme, seier ho.


Ho trur likevel ikkje at besteforeldre flest brukar meir enn dei har råd til.


– Det håper eg verkeleg ikkje. Eg trur ikkje barnebarna vil at besteforeldra skal blakke seg.



Set grenser

Dersom ein ser på heile julefeiringa samla, aukar forbruket til nordmenn også her. I år skal vi bruke 13.320 kroner på jula, opp frå 12.288 kroner i 2018, ifølgje DNBs undersøking.


Oslo Handelsstands Forening kom med tala sine før helga. Dei anslår at nordmenn vil bruke 11.100 kroner på julemat og julegåver, medan Virke i julehandelsprognosen sin anslår at vi bruker 10.850 kroner på julemat, pynt og gåver i år.


Sandmæl har råda klare for dei som er lei kjøpepress.


– Set eit maksbeløp både for pris og talet på gåver. Då blir det enklare både for dei som skal gi og få. Ein veit kva ein har å halde seg til, seier ho.



Demp forventningane

Ho rår òg foreldre til å setje seg ned med barna og dempe forventningane til gåver.


– Ting kostar pengar, og ein kan ikkje få alt ein ønsker seg, seier ho.


Men det gjeld å forklare kvifor på ein forståeleg måte. Det held ikkje å berre seie at noko er dyrt.


– Barn har ikkje eit så bevisst forhold til pengar. Når dei ønsker seg ein ny telefon som kostar opptil 10.000 kroner, så veit dei jo ikkje kor mange arbeidstimar ein telefon betyr, seier Sandmæl.


Ipsos har utført DNBs Forbrukerbarometer. 1.000 personar har svart på undersøkinga mellom 10. og 16. oktober.


(©NPK)